Om oss

Austevoll Indremisjonsforsamlingorsamling

(Austevoll IM forsamling)

 

Lovtekst  
Lov for forsamlingar tilslutta Indremisjonsforbundet  
§ 1 Grunnlag
Austevoll Indremisjonsforsamling byggjer arbeidet sitt på Bibelen Guds ord og den evangelisk lutherske vedkjenning1. På dette grunnlaget driv foreininga alt arbeidet sitt, kallar frivillige og evt. tilset sine arbeidarar.

 (1 Den apostoliske truvedkjenning, Den nikenske truvedkjenning, Den athanasianske truvedkjenning, Den     augsburgske vedkjenning og Luthers Lille katekisme.)

§ 2 Føremål
a.     Forsamlinga har som føremål å føra menneske til Jesus Kristus, hjelpa dei til å bli modne kristne og utrusta dei til teneste i forsamlinga, samfunnet og til misjon i verda, for gjennom alt å æra Guds namn. For å nå dette føremålet vil ein til ei kvar tid forkynna Guds ord gjennom dei tiltak, verkemiddel og kanalar ein finn tenleg. I dette arbeidet vil vi leggja vekt på lovprisinga, fellesskapet, undervisninga, tenesta og evangeliseringa.
b.     Austevoll Indremisjonsforsamling vil arbeida saman med Midthordland Indremisjon og Indremisjonsforbundet for å styrkja Indremisjonen sitt kallsoppdrag. Foreininga vil ta medansvar for å skaffa økonomiske og andre ressursar til dei oppgåver krinsen og Indremisjonsforbundet utfører på vegne av dei innmelde einingar.

§ 3 Status
a.      Austevoll Indremisjonsforsamling består av menn og kvinner over 15 år, som er einige i §§ 1 og 2, vedkjenner seg som ein personleg kristen, lever eit kristeleg liv og rettar seg etter dei vedtak som foreininga sitt årsmøte vedtek, og er gjort kjent med foreininga sitt grunnlag, føremål og arbeid.

b.     Austevoll Indremisjonsforsamling er tilslutta Midthordland Indremisjon og dermed også Indremisjonsforbundet, og vert omfatta av dei lover og vedtekter som gjeld i organisasjonen.

c.      Midthordland Indremisjon, Bergen Indremisjon og Indremisjonsforbundet har tilsynsmyndigheit.

§ 4 Årsmøtet
a.     Årsmøtet er Austevoll Indremisjonsforsamling sin høgste myndigheit, og vert halde kvart år innan utgangen av februar. Alle som er kjende i forsamlinga og har fylt 15 år, har røysterett i årsmøtet.
Styret for Midthordland Indremisjon kan senda ein utsending til årsmøtet. Denne har talerett, men ikkje røysterett.
b.     Årsmøtet handsamar:
– Styret si årsmelding.
– Reviderte årsrekneskapar.
– Lovendringar.
– Andre saker som styret eller medlemene legg fram (jfr. pkt. e).
c.     Årsmøtet vel:
– Formann, styremedlemar og varamedlemer til styret.
– Hyrderåd.
– Valkomite.
– Revisor.
d.     Årsmøtet gjer vedtaka sine med vanleg fleirtal. Lovendringar krev 2/3 fleirtal.
e.     Vil nokon ha ei sak fram for årsmøtet, må denne vera sendt til styret seinast tre månader før årsmøtet skal haldast. Berre styret og foreininga sine medlemer kan fremja forslag til lovendringar. Årsmøtesaker må gjerast kjent for medlemene i god tid før årsmøtet vert halde.
f.      Ekstraordinært årsmøte kan kallast saman når minst 2/3 av styremedlemene eller 7 av foreiningsmedlemene ber om det.
g.     Protokoll frå årsmøtet vert sendt  til krinsstyret  i Midthordland Indremisjon

§ 5 Styret
a.     Austevoll Indremisjonsforsamling vert leia av eit styre som er høgste myndigheit mellom årsmøta.
b.     Styret består av fem medlemer. Formann blir vald av årsmøtet for eitt år. Dei andre medlemene blir valde for to år om gangen, slik at det kvart år går ut to. Desse kan veljast att, men ingen kan sitja i styret lengre enn åtte år i samanheng. Styret har tre varamedlemer som vert valde for eitt år. Første varamedlem møter fast i styret. Styret er vedtaksfør når minst fire medlemer er til stades. Styret vel seg imellom nestformann.
c.     Forsamlingsleiaren møter i styret med tale- og forslagsrett, men ikkje røysterett.
d.     Styret held møte når formannen kallar inn til det eller eit fleirtal av styremedlemene krev det.

§ 6 Styret sine oppgåver                    
a.     Styret skal:
·  Setja i verk og føra kontroll med årsmøtet sine vedtak og avgjerder.
·   Forvalta og føra kontroll med Austevoll Indremisjonsforsamling sin økonomi. Større økonomiske saker må leggjast fram for foreininga sitt årsmøte.
·  Sjå til at arbeidet vert drive i samsvar med Austevoll Indremisjonsforsamling sine lover.
b.     Styret bind foreininga rettsleg.
c.     Styret kallar og tilset dei arbeidarane foreininga treng. Arbeidarane blir formelt tilsett og løna av krinsen i fylgje gjeldande løns- og arbeidsvilkår. Austevoll Indremisjonsforsamling har personalansvaret og det økonomiske ansvaret.
d.     Styret kallar inn til årsmøte og tilrettelegg alle saker som skal handsamast av dette.

§ 7 Hyrderåd
a.     Hyrderådet består av tre menn som har tillit i forsamlinga.. Forsamlingsleiar (der slik er tilsett) er ein av desse. Hyrderådet har til hovudoppgåve å visa åndeleg hyrdeomsorg for medlemene. Det skal ta i vare eit særskilt hyrde- og læreansvar ved å sjå til at forkynninga og forsamlings-/foreiningslivet er i samsvar med Guds ord og Den evangelisk- lutherske vedkjenning. Ved avvik eller lærestrid har Hyrderådet ansvar for rettleiing og formaning.
b.     Medlemer som tek til å leva i strid med Guds ord skal handsamast etter Matt 18,15-18. Medlemer som ikkje lever i samsvar  med § 3, 1. ledd i denne lov, kan utelukkast frå foreininga. Hyrderådet innstiller i slike saker til styret som avgjer saka.
c.     Oppgåver i rådet vert fordelte etter utrustning og nådegåver. Rådet innstiller til styret ved kall av tilsette og frivillige arbeidarar.

d.     Når Austevoll Indremisjonsforsamling i samråd med Midthordland Indremisjon finn det tenleg kan Midthordland Indremisjon sitt Hyrderåd nyttast for forsamlinga.

§ 8 Oppløysing
a.     Skulle Austevoll Indremisjonsforsamling bli nedlagt eller oppløyst, går foreininga sine midlar og eigedomar over til Midthordland Indremisjon eller Indremisjonsforbundet.

§ 9 Lovendring
Årsmøtet i Austevoll Indremisjonsforsamling kan endra denne lova med 2/3 fleirtal, jfr. § 4 b, d og e.   §§ 1 og 2a, første ledd, kan ikkje endrast.

Vedtatt på stiftingsmøte  1.mars 2015, Storebø bedehus

Rett avskrift

Kjellaug Eidsheim                                                   Ivar Kalvenes